lørdag 17. september 2011

Baku - where all the buildings are brand new..



NB: Langt innlegg. Sorry!
 
Fy søren det var godt å sjå min kjære Philip igjen! Han kom og plukka meg opp på flyplassen i Baku. Jippi. 

  

I skrivande stund sitte eg på senga til Philip i Bul-Bul Prospekt, ei reltativt sentral gate i Baku sentrum. Senga står ikkje midt i gata egentlig, den står på rommet i leiligheten. Som er gigantisk og meget luksuriøs. I tillegg til blanke fliser på alle (!) overflater, vegg-til-vegg-speil i gangen, tre-fire lysekroner i alle rom, megasvær TV og tomanns-dusjkabinett, så kan denne leiligheten i 7. etasje tilby ein suveren utsikt, nesten 4 meters takhøgde, air contidion og vaskehjelp. Ho heiter Sara og er meir enn villig til å skrubbe badet og vaske undertøyet til dei norske ansatte i AGR. Bingo. Her er utsikta på kveldstid:




Her er leilighetsbygget i bakgrunnen og Heydar Aliyev park i forgrunnen. Veldig mange fontener her, det setter eg pris på. Syns det er superfint!

Eg har denne veka fått smake på livet som expat-wife. Det fins mange expat-wives i denne byen, og mitt store mareritt er å bli akkurat det. Desse damene har meir eller mindre  blitt med oljemannfolka sine til denne tilfeldig utvalgte byen på ubestemt tid, og har derfor ingen spesielle planer med oppholdet. Ofte resulterer det i at dei finner kvarandre og danner små expat-wife-klubber eller kanskje heller gjenger. Dei går på kafé. Og til neglesalongen. Og så er det jo lunsj og då blir det jo restaurant eller kafé igjen. Så er det vel nesten kveld og då er det på tide med ein cocktail og iallefall viss dei har shoppa i mellomtida, då er dei sikkert slitne. Så går regninga til mannen, som dei betaler uten å merke det på kontoen så klart, og så er alle fornøgde. Den einaste eg har møtt er Tammy, men ho er nok av dei litt meir normale expat-wivesa. Morsom amerikansk dame. 




Så dei siste dagane har eg som sagt gjort litt av dette, bortsett frå ein liten detalj: eg har gjort det aleine. (It helps.) Eg har tusla som aldri før, tippa eg har tusla eit halvmaraton dei siste dagane. Philip har vert med på masse, mens andre ting har eg måtte gjere mens han sitter på kontoret. La meg fortelle!



Mandag var ”bli kjent med byen”-dagen. Philip tok seg fri og vi brukte heile dagen ute. Eg var ikkje forberedt på desse temperaturane, og lurte i begynnelsen fælt på korleis det skulle gå med berre ein kjole og ein shorts i bagasjen. Så kom vaskehjelp-Sara og problemet var løst. Philip må gå i bukse uansett, for i henhold til tradisjoner må alle menn gå i lange bukser. Kvinner derimot, må gjerne gå i miniskjørt. Vi gjorde turist-ting, men var ganske bevisst på kor vi skulle ettersom Philip er godt kjent her allerede. Vi rusla bl.a. i gamlebyen, som er eit geografisk område i sentrum, omgitt av ein mur. Det var slik Baku såg ut før oljebyen begynte å eksplodere etter frigjøringa i 1991 og det nye styresettet var på plass i 1994. I gamlebyen var vi innom ein moské. Eg og Philip måtte gå inn i kvert vårt rom (det var forskjellige rom for kvinner og menn) og det var ein spesiell opplevelse. Ingen andre turister å sjå, så vi tok så lite plass vi klarte. Heldigvis var det ingen som egentlig oppdaga oss, for alle andre der inne var jo opptatt med hodene ned i teppet.







 
Tirsdag stakk Philip på jobb og eg måtte klare meg aleine. Kjempekjekt igrunn! Eg elska å finne ut av steder på eiga hand. Gjekk igrunn rett ned til ”havet”, som treffer byen langs ein lang boulevard, ”Bulvar”, som er nydelig å tilbringe kveldane på. Dette er også midt i sentrum av byen. Herifra kan vi sjå over til verdens lengste flaggstang med verdens største flagg på! Snodig ting å konkurrere om, men for alle del. Pick your fights. Ellers ser man utover det Kaspiske Hav, som er ganske grumsete så nært byen. I horisonten ser man oljeplattform på oljeplattform på oljeplattform på ...




Etter lunsj tok Philip seg fri igjen, og vi lånte bilen til sjefen hans (eller egentlig dama til sjefen), og kjørte ut av Baku. Vi ville på stranda på nordsida av ”halvøya” som byen ligger på, og det tok ein liten halvtime å køyre dit. Badekomplekset vi ville besøke var stengt, men vi heiv oss rundt og kom oss omsider inn på ei offentlig strand i nærheten. Var veldig deilig temperatur i sjøen, tippa mellom 20-25 grader. Bølgene var ganske store, og strømmen i området var veldig sterk og rar. Vi plaska rundt ei stund, og når vi gjekk opp igjen såg vi ”NO SWIMMING”-skiltet som var satt opp på stranda. Godt vi hadde skjønt det for lenge sida, at vi måtte passe oss for den rare strømmen. Men deilig var det uansett! Baku betyr forøvrig ”vindenes by” og det blåser alltid her. Det gjer ingen verdens ting når luftfuktigheten ellers gjer det utålelig varmt.

 

Tilbake kjørte vi ein liten omvei, for å få sett litt meir av den Aserbajdjanske landsbygda. Her kunne kvaliteten på veiane variere kjapt. I det eine sekundet kjørte vi på sandete underlag og med null sjans for å slippe forbi motgåande trafikk, og i det neste sekundet var vi muttens aleine på ein nyasfaltert firefelts motorvei. Som plutselig stoppa. Så måtte vi snu og køyre tilbake. Det var på denne veien at vi møtte ein gjeng kameler som såg ut som dei skulle på bingo eller kanskje dei var på vei på stranda. I dette området har det i mange mange år vert vanlig å hente opp olje som ligg berre like under jorda. Ein måte å hente opp denne oljen er å bruke såkalla ”nikkepumper” som er veldig visuelle mekaniske maskiner, ganske så fascinerande å sjå på. Ellers er dette eit sånt område der du ser gamle damer med skaut, skjegg og manglande fortenner sitte på trammen mens ho prøva å selge ei ku som står bundet til eit tre litt lenger borte i det tørre ørkenlandskapet.





Onsdag var eg såvidt ute av døra før Philip ringte og ba meg bli med på lunsj med jobben hans. Så stakk vi innom dei nye kontorlokalene til AGR for å sjekke dei ut (snart flyttes det!) og det blir stort og fint. Så skulle Philip på jobb igjen, men der hadde det jammen dukka opp ei arbeidsoppgåve som EG kunne ta meg av! Så eg blei sittande på AGR sitt kontor resten av ettermiddagen med ein egen pc og gjennomførte eit offshore sikkerhetskurs. Lurer på når eg skal starte bedrift. Sunniva? Er du med?

I går tok Philip igjen bilen til dama til sjefen, og etter lunsj reiste vi ut til verkstedet for å hente noke som han hadde glømt der. På veien tilbake stakk vi innom eit svært marked, av den ordentlige typen. Det var så enormt og så merkelig plassert (”her er det god plass, vi lager et marked” ”men det er jo midt i ørkenen og langt til alt?” ”drit i det.”). For eit vanvittig sted, og så sjukt med ting. Eg sjekka prisen på ein stavmikser, og etter at eg hadde rynka på nasa når han sa 30 AZN, så kosta den plutselig berre 10 AZN. Og sånn var det med alt. Vi blei omtrent kasta ting etter. Eg fekk på følelsen at det oftest var Azerier eller andre lokale folk som handla der. Vi kunne iallefall drite i å snakke engelsk, så det gjekk på ein glad blanding av den-russisken-Stine-kan og den-azerien-Philip-kan, og så fant vi ut av det meste til slutt :) Vi gjekk derifra uten å ha brukt ei einaste krone, eller skal vi sei ein einaste manat. Det bekrefter teorien (regelen?) om at for stort utvalg gjer det masse meir vanskelig å bestemme seg, og ofte også vanskeligere å finne noke som er interessant.

Trafikken her nede er eit kapittel for seg sjølv. Eg har igrunn ikkje lyst å sei noke særlig meir enn GRØSS.

I dag har eg sjekka ut den lokale frisøren. Han hadde ein fjong salong (hehe) ganske sentralt i Baku, og klipte meg med stor presisjon og andaktig innlevelse. Fornøgd med klipp og vask til 20 AZN (gang det med sju) men må sei eg blei litt slått ut av stylinga. Når eg gjekk ut av salongen såg eg verre ut enn det eg vanligvis gjer når eg står opp! Så takk for hjelpa, men no må eg heim og dusje.



No er det helg og Philip er snart heime fra jobb. Vi hadde egentlig plana om å leige bil og reise litt rundt i Aserbajdsjan denne helga, men Philip har fått i seg noke rart og har vondt i magen. Men det gjer meg ingenting å ta ein dag eller to i armkroken på sofaen heller, med deilig kulinsrisk mat fra alle verdenshjørner. Sjølvsagt lett tilgjengelig i denne byen der øst og vest møtes i veldig respekt for kvarandre.

Vi går ut og spiser middag kvar dag. Lunsj blir også ute, uten at det eigentlig eg nødvendig, men fordi Philip er på jobb så møtes vi ofte ein plass og spiser sammen. Dette er mest fordi det er rimelig, godt utvalg og som oftest meget deilig mat å få. Folka som driver restaurant her har virkelig genuin interesse av at maten skal falle i smak. Øl er også godt her nede, og ganske billig både i butikk og på restaurant. I motsetning til fleire andre muslimske land er det heilt vanlig å både selge og nyte alkohol her. Som Philip seier; folka her er omtrent like muslimske som vi i Norge er kristne.



Det bygges her nede. Overalt. Og det bygges i store mengder. Litt uttafor sentrum er det nettopp ferdigstilt eit enormt leilighetskompleks beståande av sikkert 10 bygninger med 20 etasjer i kvart bygg, men det er ingen som bur der. Enda. Sånn er det fleire steder i byen. Mange steder er det halvferdige bygg, som ikkje jobbes på lenger. Teorien er at alle bygg som er under 70% ferdige ikkje blir skattlagt. Folk spara penga på alt her nede! Ein gang var det eit hus på 16 etasjer som falt sammen under bygging fordi sementleverandøren hadde blanda ut sementen med dobbel mengde vatn. I tillegg er det fasaden som betyr noke - innvendig og bak er det ikkje så viktig korleis det ser ut, så lenge det ser bra ut fra gata. Dette er sjølvsagt lett å sjå når man ser det ovenfra.



Neste helg stikker vi til Dubai, og tar fire netter på hotell og to timer i tunnel der nede. Blir spennande og sikkert ganske hektisk, men deilig for Philip med noken daga på tur :)
Skal prøve å bli flinkare til å oppdatere mens eg er her, men internettet i leiligheten er av varierande kvalitet og ikkje til å stole på. Det kjem når det kjem!

Kjapp oppsummering; eg storkosa meg!

onsdag 31. august 2011

Smak og behag

Enkelte ting kan argumenteres for på ein sånn måte at det blir delvis forståelig. For eksempel det faktum at vi ikkje enda har kjøpt oss bil. Eller at eg ikkje har tenkt å feire jul i Norge i år. At det kanskje blir litt voldsomt å satse livet sitt på å bli jagerflypilot. Og så videre.

Ein ting eg derimot aldri heilt kjem til å forstå, er kva samtlige husmødre og interiørdesignspirer tenkte på når dei dekorerte hus og heim rundtom i landet frå omtrent etterkrigstid og fram til 90-tallet.
For å illustrere dette vil eg gjerne introdusere deg for huset til mine kjære besteforeldre. I tapet-utgåva!














Kan dette virkelig argumenteres for? Var besteforeldra mine utilregnelige i gjerningsøyeblikket? Anyone?

onsdag 17. august 2011

Detox needed

Kva dag er det i dag? Onsdag ja? Javel. Skal sei det er lenge til neste sommer, gitt.

Skal eg prøve å oppsummere årets sommer, må det blir kortfatta. Heilt sidan 2005 har eg kvart einaste år tenkt at "yess, denne sommeren har vert den beste sommeren i mitt liv", og 2011 var ingen unntak. Eg og Sunniva har mange ganga spurt oss sjølv kor det skal ende - kor lenge kan det holde på å berre bli bedre og bedre?!


Det begynte med påken (okei, no er eg langt tilbake i tid, men reint temperaturmessig var det her sommeren begynte. Og slutta). Påken på Voss i år var legendarisk. Så kom mai, og eg reiste på spontantur til Karoline i London. Deretter var det 17. mai (fiasko) og litt jobbing før eg stakk til Dublin og besøkte min fine familie i begynnelsen av juni. På returen til Norge stakk eg like gjerne innom Flying Chicks, der vi hoppa i tordenvær og drakk oss fulle. Like etterpå kom Philip heim (hurra) og vi stakk til Voss. Så begynte veko. Så stakk Philip til Baku igjen (buhuu) og så regna det heile veko (buhuu). Men vi gleda oss til det blir vindtunnel på Voss i 2012, så slipper vi å hate regndagane på Voss nokonsinne igjen!

 

Etter den katastrofale veko, med innslag av diverse film-, lese- og familiespillaktiviteter (for ikkje å nevne festeaktivitetene, men til og med festinga blei halvhjerta) var det på tide med ...tja... for eksempel 27 varmegrader, vindstille og knallsol i Strømstad-traktene. Lett! Eg heiv meg med Jan og Beechen fra Voss til Näsinge, eit lite hoppfelt med eit stort hjerte i Sverige. Der kom eg meg liksom aldri vekk fra. Sjølv om turen blei aldri så lite annerledes enn planlagt, tok det heile 10 dagar før eg klarte å surre meg heimover. Og korleis klarte eg det? Ved å treffe på Tonny på Nordbysenteret, tilfeldigvis med snuta retta mot Voss og ledig plass i bilen (hurra). Trengte ikkje spele lotto den dagen heller.


Vel heime fekk eg konversert litt med Sunniva og bestemte meg for å dra til Førde for å treffe igjen klassen fra videregåande etter fem år. Det var trivelig og Siv imponera som tapas-chef. Så stakk eg til Besta og Besten og hang der i dagevis, det var det første innslaget av mental detox eg hadde i sommer. Reiste heim til Bergen dagen før Philip kom heim igjen (hurra) og så plutselig blei folk massakrert på Østlandet (buhuu). Makan.

Eg og Philip var heime noken daga og vaska klær, men så bar det til Voss igjen og VFF - Voss Freefly Festival. Og eg har ikkje så masse meir å sei enn; DÆVEN DØTTE. Og mamma kom på overraskelsesbesøk fra Irland, har aldri blitt så surprised før i mitt liv :-) Kjempekoselig.
Avslutta VFF-festen på lørdag med å plukke opp Philip fra bålområdet ca kl. 08.00 søndag morgen (hurra).





Eit par daga heime var det einaste vi fekk, før Philip stakk til Baku igjen (buhuu) og eg stakk på NM (hurra) med eit einaste mål; å få pallplassering. Målet var liksom ikkje så håplaust gjennomførbart med berre tre påmeldte lag, men alt anna enn bronse ville jo bli ein bonus. Så når eg søndag formiddag satt på flyet til mitt 2. detox for i sommer; jobbveke i Mo i Rana, med gullmedaljen rundt halsen (hurra) blei eg jo gratulert av både sikkerhetsvakter og piloten på widerøe-ruta eg flaug.



Eg har møtt så mange fantastiske mennesker. Mine skada venner har det bra, alle sammen. Eg har hoppa 130 fallskjermhopp til tross for generelt drittvær. Eg har tilbragt tid med viktige familiemedlem. Eg har møtt igjen gamle klassekamerater. Bada i elva. Klatra i trær. Løpt langt og masse. Kvitta meg med noken personlige issues. Grått. Fnist. Lært å stå på hendene. Blitt norgesmester.


Så no sitte eg her og lurer på kas dag det er, for første gang siden slutten av mai. Sol-opp-sol-ned har vert meir enn bra nok for meg i sommer. Men no begynner hausten, som eg ovehode ikkje grua meg til; tvert imot. Denne hausten skal eg fly alvorlig masse i vindtunnel, reise rundt og tolke ein heil del, besøke Philip i Aserbaijan og svippe innom Dubai på turen, henge litt i den herlige leiligheten vår og plutselig blei det jul.

(Må stikke. På tide å drikke te og å lese bok om uttøying.) 

tirsdag 14. juni 2011

Irland, vakre Irland!

(Innlegget er skrevet fredag 10. juni)


Er på veg til Norge igjen etter enda ein avslappande men effektiv ferie (eller skal vi kalle det heimreise?) til moderlandet – Irland!

Den vanligvis gjennomført avslappande timeplanen min har denne veka fått prøvd seg. Til tross for at vi har sove til meir enn klokka 08:00 kvar dag, det er 09:00 i Norge folkens, og lagt oss før midnatt kvar kveld, har vi jammen fått gjort ein del desse fem dagane.

Dag 1: Det begynte med at mamma plukka meg opp på flyplassen søndag formiddag, etter eit par travle døgn med fallskjermhopping på Voss og knapt med tid til pakking og soving. Så då sovna eg, og så når vi stod opp var det ingen bønn – pub’en here we come. Vi tusla mot byen og tok inn på den første vi passerte; The Bridge Inn i Chapelizod-området. Der var det ingen andre, berre oss og eit band som satt klar til å spille når det kom folk. Ekte irsk stemning og kjempegodt med pints! Så blei vi litt på ein snurr og kom oss (som tidligere nevnt) heldigvis heim før midnatt likevel :-)




 Dag 2: Shopping! På grunn av eit charity run i parken var det håplaust å komme seg på bussen til byen. Det var 40.000 damer (!) som løp for ulike veldedige organisasjoner i ein innsamlingsaksjon. Flaks for meg, det gjorde jo at antall damer i Penneys var litt redusert, iallefall velger eg å tru det! Vi tok taxi til byen og kosa oss med shopping og pints, før vi – etter å ha møtt på ein harry norsk gjeng på tur fra Hønefoss – tok bussen tilbake til Palmerstown og spiste take-out fish’n’ships og anna fritert digg mat til kvelds. 

Dag 3: Avgårde til vestkysten. Garret kjørte heile vegen til Galway, ein tur på ca 2,5 tima. Etter å ha hørt på eit radiprogram som diskuterte Rooneys hårtransplantasjon store deler av turen var det fint å endelig ta inn på hotell Eyre Square og nyte opplettet som heldigvis fulgte. Kjempetrivelig liten by! Ut på pub grub på kvelden, i fin kjole og greier, men så knakk vi sammen og sovna før kl 22:30. Haha for ein slapp gjeng.





Dag 4: Den store turistdagen: På veien tilbake til Dublin bestemte vi oss for å gjere ein vri; vi køyrte sørover mot Limerick og tok av til the Cliffs of Moher, som akkurat denne dagen kunne by på orkan styrke i kastene. Det gjorde faktisk opplevelsen litt ekstra merkverdig. Bortsett fra at klippene er blitt ein typisk attraksjon med parkeringsplass, inngangsbillett, souvenirbutikk og restaurant on site, var det fantastisk flott å sjå på :) 




Men det stoppa ikkje der folkens!! Vel inne på motorveien igjen (etter ein sjuk distanse på typiske vestlandsveier med 100km/t-grense) var det tid for å stoppe innom Moneygall! For dei som ikkje veit det, er Moneygall den vesle landsbyen der forfedrene til Obama kjem fra. Derfor var også Obama himself, med heile Air Force One og Michelle og 23 biler og eit helikopter, på besøk der i slutten av mai. Dei var også innom ein av dei tre små pub’ane som fins langs den einaste gata i heile landsbyen. DER skulle eg og mamma inn og ta ein kikk. Vi var ikkje aleine, for å sei det sånn.



(Obama betalte ein pint and a glass of Guinness til seg sjølv og Michelle med ein 50€-seddel, og ba betjeningen om å  ”keep the change”. Godt å høyre at mannen kan å tipse!)
Så kom vi heim etterpå, og då bestilte vi like gjerne chinese delivery til middag, og eg fikk gjensyn med min elskede chicken kung po, som eg ikkje finner i Norge. Så såg vi ein dårlig jentefilm og så sovna vi.

Dag 5: Diverse-dagen. Man får jo aldri tid til alt her i denne byen. Så torsdagen tok eg ansvar for å skvise inn litt meir typiske Dublin-ting. Først stod vi seint opp og kosa oss med lang frokost. Så stakk eg og mamma i Phoenix Park og løp to runda rundt eit kjempejorde med 8 hurlingbaner på. Så dusja vi og stakk til byen og shoppa litt meir. Så stakk vi heim og laga digg wok til middag. Men SÅ, folkens.... Så stakk eg og mamma, pent pynta, på Shelbourne Greyhound Stadium og kosa oss dønn ihel. Aaaah!



Dag 6: Tilbake til Norge! No sitter eg på flyplassen og venta på boarding. I Norge venter Flying Chicks på Æra, og på mandag kjem Philip heim fra Baku. Masse å glede seg til med andre ord. 

Takk for denne gang mamma og Garret, dåke er noken herlige folk! 

onsdag 1. juni 2011

Back - at last!

Eg skal ikkje legge skjul på det folkens: blogging er berre middels gøy. Masse mindre gøy enn å lese andre sine blogga, for eksempel Sunniva eller Idol-Siv sine. Men samtidig ganske masse gøyere enn å kjede seg. Så den siste måneden har eg ironisk nok hatt nok å henge fingra i, ettersom det tilsynelatande, for alle dei ivrige bloggleserene mine, ikkje har skjedd noke i livet mitt i det heile tatt.


Kalenderen på veggen på kjøkkenet har sett slik ut i mai. Det vil sei; noke på timeplanen nesten kvar dag. Enten det har vert jobb, hopping på Voss, fjasetur til London eller berre sosial moro i Bergensområdet. Og ein eksamen, vel å merke. Og samtidig er Philip'en min i Aserbaijan, og eg vil trygt påstå at det er ein direkte sammenheng mellom hans manglande tilstedeværelse og min fulle timeplan. No er vi straks inne i 4. veka for denne gang, og eg syns faktisk det går veldig bra.

17. mai blei ein flopp i år. Etter intens oppvarming til å lande i Lille Lungegårdsvann i fallskjerm på den store nasjonaldagen, blei drømmen vår (eg, Sunniva, Glenn og Ole) grusa i ca 1000 fot over Fyllingsdalen på vei mot sentrum, idet vi hadde skyene rundt oss på alle kanter. Kan nevnes at vi før takeoff stod under vingene på flyet for å skjerme oss fra haglbygene og vindkastene på 33 knop (minor details). Så blei det kebab til middag og bunad og fest, men då vi kom var alle dritings allerede og det var umulig å holde tritt. Så når eg endelig hadde begynt å finne god-formen blei vi kasta ut av naschpiel, ca kl. 22. Den dagen går lett i glømmeboka for min del!

Då vil eg heller slå eit slag for London-turen eg foretok meg 11.-14. mai, for å besøke Karoline og Poppi i Bethnal Green.




Ein heilt fortryllande opplevelse. Takk Karoline, eg gleda meg allerede til neste gang!

Av andre ting som har skjedd sidan sist kan eg rett og slett gjere det eg er best på: liste opp ting.
* Kom på 5. plass i sklia på Vannkanten, med tida 09:25 (Sølve vant med 09:04)
* Fått GoPro'en min fra USA!
* Nesten blitt askefast i Oslo, men det ordna seg i siste sekund
* Kjøpt ny sofa som eg trur blir perfekt i stua i Gravdal
* Rekna matte med Sunniva, og tatt eksamen i R1 (igjen *host*)
* Fått 10.000 kroner fra Norges Idrettsforbund i fallskjermstipend
* Gått i stykker eit par bunadsko

Lova å prøve å komme på banen igjen med blogginga folkens, men sånn som timeplanen ser ut framover kan eg rett og slett ikkje love noke. Bra for meg, ikkje fullt så bra for mine slukørede fans.

Until then - stay safe og GOD SOMMER!