onsdag 31. august 2011

Smak og behag

Enkelte ting kan argumenteres for på ein sånn måte at det blir delvis forståelig. For eksempel det faktum at vi ikkje enda har kjøpt oss bil. Eller at eg ikkje har tenkt å feire jul i Norge i år. At det kanskje blir litt voldsomt å satse livet sitt på å bli jagerflypilot. Og så videre.

Ein ting eg derimot aldri heilt kjem til å forstå, er kva samtlige husmødre og interiørdesignspirer tenkte på når dei dekorerte hus og heim rundtom i landet frå omtrent etterkrigstid og fram til 90-tallet.
For å illustrere dette vil eg gjerne introdusere deg for huset til mine kjære besteforeldre. I tapet-utgåva!














Kan dette virkelig argumenteres for? Var besteforeldra mine utilregnelige i gjerningsøyeblikket? Anyone?

6 kommentarer:

  1. Hahahha! Det kaaaan jo vere kult då, men kanskje ikkje i eit heilt hus? Eg likte fisketapeten, og den med reinsdyr, hestar osb på. Hoho :D
    Ellers må du hugse på at dette faktisk var megakult på 70-tallet, og at besteforeldra dine sikkert hadde det kulaste huset i Kvammen på den tida :D

    SvarSlett
  2. Sjekk vaffelhjerte-temaet! Eg la knapt merke til det sjølv, men vaffelhjertene går igjen i fleire av tapetane!

    SvarSlett
  3. Vaflar og krumkake-mønster <3<3<3

    SvarSlett
  4. Hihihi, litt sjarmerende da!

    SvarSlett
  5. Her har du fleire tiår i tapet. Nokre tiår vil ein mykje, det skal vere stort og svært..også i tapet. Motar seg liksom opp på soverommet før ein fer ut i verda og gjer store ting. So vert ein meir smålten og romantisk og malar hageblomane på veggen...

    Dei er vel heilt normale og dine små etterkommarar som kjem til å komme :) har sikkert nokre sanningsord å gje deg om di innreiingsevne nokre tiår frå no :)

    Klem!

    SvarSlett
  6. hahahahahahahahahaha utrolig bra! MEN må innrømme at jeg aldri har registrert sååå mange tapeter i det huset? kanskje en blir blind på en måte, en ser ikke skogen for bare trær? Uansett, det er verdens beste hus å komme til med en gjestfrihet som ingen ende vil ta;) hurra for Besta & Besten

    SvarSlett