tirsdag 14. juni 2011

Irland, vakre Irland!

(Innlegget er skrevet fredag 10. juni)


Er på veg til Norge igjen etter enda ein avslappande men effektiv ferie (eller skal vi kalle det heimreise?) til moderlandet – Irland!

Den vanligvis gjennomført avslappande timeplanen min har denne veka fått prøvd seg. Til tross for at vi har sove til meir enn klokka 08:00 kvar dag, det er 09:00 i Norge folkens, og lagt oss før midnatt kvar kveld, har vi jammen fått gjort ein del desse fem dagane.

Dag 1: Det begynte med at mamma plukka meg opp på flyplassen søndag formiddag, etter eit par travle døgn med fallskjermhopping på Voss og knapt med tid til pakking og soving. Så då sovna eg, og så når vi stod opp var det ingen bønn – pub’en here we come. Vi tusla mot byen og tok inn på den første vi passerte; The Bridge Inn i Chapelizod-området. Der var det ingen andre, berre oss og eit band som satt klar til å spille når det kom folk. Ekte irsk stemning og kjempegodt med pints! Så blei vi litt på ein snurr og kom oss (som tidligere nevnt) heldigvis heim før midnatt likevel :-)




 Dag 2: Shopping! På grunn av eit charity run i parken var det håplaust å komme seg på bussen til byen. Det var 40.000 damer (!) som løp for ulike veldedige organisasjoner i ein innsamlingsaksjon. Flaks for meg, det gjorde jo at antall damer i Penneys var litt redusert, iallefall velger eg å tru det! Vi tok taxi til byen og kosa oss med shopping og pints, før vi – etter å ha møtt på ein harry norsk gjeng på tur fra Hønefoss – tok bussen tilbake til Palmerstown og spiste take-out fish’n’ships og anna fritert digg mat til kvelds. 

Dag 3: Avgårde til vestkysten. Garret kjørte heile vegen til Galway, ein tur på ca 2,5 tima. Etter å ha hørt på eit radiprogram som diskuterte Rooneys hårtransplantasjon store deler av turen var det fint å endelig ta inn på hotell Eyre Square og nyte opplettet som heldigvis fulgte. Kjempetrivelig liten by! Ut på pub grub på kvelden, i fin kjole og greier, men så knakk vi sammen og sovna før kl 22:30. Haha for ein slapp gjeng.





Dag 4: Den store turistdagen: På veien tilbake til Dublin bestemte vi oss for å gjere ein vri; vi køyrte sørover mot Limerick og tok av til the Cliffs of Moher, som akkurat denne dagen kunne by på orkan styrke i kastene. Det gjorde faktisk opplevelsen litt ekstra merkverdig. Bortsett fra at klippene er blitt ein typisk attraksjon med parkeringsplass, inngangsbillett, souvenirbutikk og restaurant on site, var det fantastisk flott å sjå på :) 




Men det stoppa ikkje der folkens!! Vel inne på motorveien igjen (etter ein sjuk distanse på typiske vestlandsveier med 100km/t-grense) var det tid for å stoppe innom Moneygall! For dei som ikkje veit det, er Moneygall den vesle landsbyen der forfedrene til Obama kjem fra. Derfor var også Obama himself, med heile Air Force One og Michelle og 23 biler og eit helikopter, på besøk der i slutten av mai. Dei var også innom ein av dei tre små pub’ane som fins langs den einaste gata i heile landsbyen. DER skulle eg og mamma inn og ta ein kikk. Vi var ikkje aleine, for å sei det sånn.



(Obama betalte ein pint and a glass of Guinness til seg sjølv og Michelle med ein 50€-seddel, og ba betjeningen om å  ”keep the change”. Godt å høyre at mannen kan å tipse!)
Så kom vi heim etterpå, og då bestilte vi like gjerne chinese delivery til middag, og eg fikk gjensyn med min elskede chicken kung po, som eg ikkje finner i Norge. Så såg vi ein dårlig jentefilm og så sovna vi.

Dag 5: Diverse-dagen. Man får jo aldri tid til alt her i denne byen. Så torsdagen tok eg ansvar for å skvise inn litt meir typiske Dublin-ting. Først stod vi seint opp og kosa oss med lang frokost. Så stakk eg og mamma i Phoenix Park og løp to runda rundt eit kjempejorde med 8 hurlingbaner på. Så dusja vi og stakk til byen og shoppa litt meir. Så stakk vi heim og laga digg wok til middag. Men SÅ, folkens.... Så stakk eg og mamma, pent pynta, på Shelbourne Greyhound Stadium og kosa oss dønn ihel. Aaaah!



Dag 6: Tilbake til Norge! No sitter eg på flyplassen og venta på boarding. I Norge venter Flying Chicks på Æra, og på mandag kjem Philip heim fra Baku. Masse å glede seg til med andre ord. 

Takk for denne gang mamma og Garret, dåke er noken herlige folk! 

4 kommentarer:

  1. For eit fantastisk herlig innlegg! Kjenner eg vil tilbake til Dublin når eg ser dette. Spesielt den intense stemninga ein får av å sette stusselige 1 euro på diverse hundar :D Ellers ser mammaen din like søt og ung ut som ho alltid har gjort :)

    SvarSlett
  2. Samme gamle FANTASTISK Irland! Savner Irland, i alle fall i selskap med deg. Skvise inn ein Irlandtur i løpet av det neste året? Ja? Ja!
    Bømoen savner deg også, forresten!

    SvarSlett
  3. haha fantastisk Stinemor, herregud kor trotte vi var naar kvelden kom!Ikke rart egentlig naar en tenker paa alt vi opplevde! og takk Siv, tusen takk for komplimentet for naar jeg leste blogginnlegget og saa bildene saa tenkte jeg; herregud jeg ser virkelig gammel ut..... so you really made my day! Kind regards Mrs Day;)

    SvarSlett
  4. Skulle onske eg var der!

    Karolinzz-z-z-zzz-ki

    SvarSlett