fredag 18. november 2011

Reiseguri og hennes likesinnede mann

Sitter på kontoret (altså, midt i eit svært lagerrom med 7 meter takhøgde og ræva akustikk) i Nordnorge og ser fram til juleferie i Dubai. Gi meg pompøse byggverk og billige taxier, overkommelig temperatur og daglig room service!

I begynnelsen av året kan eg hugse at eg tenkte "dette året blir det nok litt reising på meg, ja".
Så satt eg her ein dag når det slo meg at "dette året har det blitt litt reising på meg, ja".
Dette blogginnlegget er nok ikkje av veldig underholdningsverdi for noken andre enn meg, men her kjem eit forsøk på å oppsummere reisene eg har gjort i 2011!

Februar var ein perfekt måned å reise til Bottrop med Sunniva i heile 9 dagar. Det var håplaust å dra heim igjen utan å ha planlagt ein ny tur, så i april tok vi turen igjen - denne gangen med heile Flågespetakkelet. Ikkje meir enn eit par veker seinare var det sesongstart på Voss. Pangstart på sommeren og mange kvalitetshopp frå full høgde var god medisin etter ein hard vinter. Ikkje lenge etterpå, i begynnelsen av mai tok eg meg ein spontantur til London for å besøke Karoline. Knapt ein månad seinare satt eg på flyet til Dublin for å besøke mamma og Garret. Det var i juni altså. I juli flaug eg over til Sverige for betre værforhold og god stemning. Ferien fauk avgårde (lurer framleis på kor det blei av sommeren i år?) men det gjorde ikkje så masse - for i september venta jo ein laaang ferie til Baku og Dubai med Philip. Vi var ikkje heime før uti oktober, etter å ha svinsa innom Bottrop på veg tilbake også. Det gav meirsmak, og eg måtte tilbake igjen dit no i begynnelsen av november. I tillegg til alt dette har eg vore i Mo i Rana i totalt 3 mnd i løpet av året, og det er minst like langt opp hit som det er ned til kontinentet. For å avslutte det heile skal eg til Dubai igjen på ferie, som sagt, i desember.


Mon tru om eg har brukt opp CO2-kvota mi i år?
(For ikkje å nevne dei 130 fallskjermhoppa eg gjorde i sommer?)

Og man skulle kanskje tru at dette var meir enn nok. Men sjølv om det har vore mykje reising kan eg legge til at ein klubbtur til Russland var sårt sakna i år, og at eg meir enn gjerne skulle hatt meg enda ein tur til Dublin på samvittigheten. Eg har begynt å få eit respektabelt beløp med poeng på SAS Eurobonus-kortet mitt, og Choice-medlemskapet mitt er oppgradert frå Basic til Silver automatisk grunna høgfrekventert overnatting i jobbsamanheng.

Midt i all galskapen har vi slått oss til ro. Leiligheten er framleis flett ny og forlovelsen er rykande fersk. Eg HATA å vere vekkreist når Philip er heime, og når Philip er vekke er det nesten litt kjipt å vere for mykje heime aleine. Det heile er eit puslespel med litt ujevne brikker, men vi er begynt å bli skikkelig gode på legge det slik at det går opp.

Men når vi er heime begge to, har deilig musikk på i stova, alle lysa er tent og vi sitter i vinterhagen med kvart vårt glas raudvin.. Eller har spist taco og slenger oss på gjestesenga for å sjå episode opp og episode ned av Greys Anatomy eller Boardwalk Empire i ein trygg armkrok.. Då tenker eg at alt av kvardagskaos er verdt det.

Utan å vite om det eine, er det vanskelig å sette pris på det andre. 

4 kommentarer:

  1. Herlig innlegg, Stine! Me like :)

    SvarSlett
  2. Så koselig! Si hei til Philip ;) Vi tar oss garantert et knippe geniale ferieturer over nyttår også :D

    SvarSlett
  3. Åhh, Dubai! Da treffer du sikkert noen Bodø-hoppere! : )

    SvarSlett