torsdag 20. oktober 2011

Ja, det vil eg!

Kjæresten min i fire og eit halvt år, som eg har kjent i seks og eit halvt år, spurte meg på søndag om eg ikkje kunne tenke meg å gifte meg med han! Kroppen min, hjernen min, hjertet mitt og all form for fysisk og psykisk Stine svara umiddelbart "JA, det vil eg". Ingen betenkningstid behøvdes. Det trur eg er fordi eg har ein sterk fornemmelse av at det er sånn det skal bli. Då meiner eg ikkje at eg skal bu i Norge og jobbe som døvetolktolk, eller drive med fallskjermhopping for evig. Det er sånne ting eg ikkje veit noke om. Men at eg skal vere sammen med Philip underveis, det er eg overbevist om.


Så no skal eg og Philip prøve å planlegge eit bryllup. Korleis skal vi gjere dette då? Skal vi ha det på vinteren eller sommeren? Ute eller inne? Utlandet? Bømoen? Hegreneset? Skal vi planlegge i god tid, eller vere litt spontane? Levande musikk? Piñata? Øl eller vin eller begge deler? Korleis skal kjolen vere? Og kem skal "gi meg bort"? Det einaste vi veit er at det kjem til å skje. Ingen særlig grunn til å stresse, iallefall. Alle gode idéer mottas likevel med stor takk.

Stor, lykkelig klem til alle sammen frå meg!
Heia kjærleiken.





5 kommentarer:

  1. Lenge leve kjærleiken ja! :D Hihi, eg gler meg, uansett kva de finn på! Vi må ta med oss Sunniva og stikke på brudekjole-prøving etterkvart :D (ja, viss ikkje du skal gifte deg i hoppdressen då..)

    SvarSlett
  2. Jippi yay, døkke passa perfekt i sammen:)
    Mitt tips er å ikkje ta heilt av på planlegginga og ta det litt som det kjem. Kven bryr seg om alt dill dallet som mange meiner hører til eit bryllaup. Det viktigaste er at døkke får ein dag som døkke kjem til å elske og huske. Uansett kva måte ein velge å gjere det på:)Og skal døkke holde fest, husk å delegere oppgaver videre. Blir så mykje mindre stress da;) thii stor klem fra fru Moe

    SvarSlett
  3. superkjekt aa lese stine, og igjen, gratulerer til deg og philip saa kjempemykje!! eg er veldig glad for deg!!!

    SvarSlett
  4. soeren, gloemte skrive fra live :)

    SvarSlett
  5. Takk Live, kjekt å høyre frå deg! Håpa du har det fint ute på loffen :-)

    SvarSlett