onsdag 28. april 2010

Den ultimate regnværsdag

Ikkje sjelden her i Bergen må ein ty til innendørsaktiviteter på grunn av enten kulde, vind eller (veldig ofte) nedbør. I dag hadde yr allerede forhåndsinformert om store mengder regn, så det kom ikkje veldig overraskande. Egentlig kjem det aldri veldig overraskande. I tilfelle du må gjette værtype, er det mykje tryggare å ta på seg støvlar og regntøy enn tøysko og shorts her i Bergen. Men i dag regna det altså, i likhet med 243 andre døgn i løpet av året, sånn i gjennomsnitt. (Faktiske tal, henta frå nettavisen.no).

Derfor planla eg dagen deretter. Tidlig opp, hive seg i komfortabel bekledning og labbe bort i Marken for å treffe Kaia, Guro og Eva Marie. Sammen gjekk vi på Visit Hudpleieskole og ordna oss massasje i halvanna time (!) på morrakvisten. Avslutta med å ta ein kaffi med Eva Marie før eg rusla opp til Daniel og Sunniva. Der fekk eg heimelaga knekkebrød og smoothie til frokost, med eit utvalg av deilig pålegg. Ca klokka 12 ringte vi Richard og plukka han opp i sentrum, for å rulle avgårde (Sunniva bak rattet!) til Fantoft klatrehall. Ingenting er som klatrehallen på Fantoft i drittvær - ein er skjerma for alt av utsyn, men kan framleis fornemme tromminga av store regndråper på blikkplatene på taket. Digg!

Eg og Sunniva ovegjekk oss sjølv i dag, og knuste alle tvil om å komme videre på den svarte ruta.
(Bilde legges ved til ære for Sunniva. Nyt.)






















Videre bar det heimover, med godt klatremot og sliten kropp. Kjapp tur innom butikken, og rett heim for å mekke hamburgere til meg og min kjære. Vi er ganske rå på hamburgere, og dagens var ingen unntak. No sitte eg her i sofaen og kjenner på gleden ved å ha gjennomført ein så bra dag til tross for været og det faktum at det er tredje dag på rad at eg ikkje er på skulen. (Ifølge Kaia og Guro har eg ikkje gått glipp av ein dritt, og eg lika å klamre meg til det.)

To folk eg lika ekstremt godt på alle måta; Sunniva og Daniel!

3 kommentarer:

  1. Wow for et koselig innlegg! Smilte meir og meir når eg las nedover. Hihi. Ellers trur eg det kun er oss som finner bildet av overhengsveggen vakkert, men til det gjengjeld er det stor kunst i mine auge :D Lever enda på gårsdagen i klatrehallen, hurra! Og så koselig med bilde av meg og D-dog :D

    SvarSlett
  2. Dette var da et riktig nydelig bilde av meg.

    SvarSlett