onsdag 7. april 2010

Matblogg volum 1!

Velkommen! No skal eg for første gang i historien skrive matblogginnlegg. Det skal handle om mat.
Mat er eit begrep eg kan legge ganske masse meining i.















Mat er veldig ofte synonymt med substansielle mengder av proteiner, fett og karbohydrater som skal inn den eine enden og ut den andre. Ofte kan det vere ein fordel at mat smakar bra og ser bra ut, men dens aller viktigaste funksjon er å skape følelsen av å vere mett. Å eliminere sultfølelsen gjer at ein kan omprioritere fokuspukt, og dermed bruke meir krefter på å fysisk eller psykisk arbeide med andre omgåande problem.



Som for eksempel å ha sex.

Ofte finn ein seg ein favoritt blant det enorme matutvalget. Eg, for eksempel, er unaturlig opptatt av lasagne og hot dogs. Eg er også glad i potetmos og taco. Den siste trur eg alle eg opptatt av. Eg er også veldig glad i stjelt mat, helst epler. Nest mest lika eg mat som andre laga. For eksempel er eg alltid fornøgd når Philip laga pannekaker til meg, som han gjorde i dag.
























Han kan lage omelett























Og han kan pakke fallskjerm























Men no kjente eg at ikkje innlegget var så veldig matrelatert lenger. Eg lova å komme tilbake med volum 2 av matbloggen, men heilt på tampen kjem altså enda ein definisjon av begrepet "mat":

TEAM MATES! (Sånn når vi snakka om fallskjermgreier.)

2 kommentarer:

  1. Haha, eg føler meg jammen "truffe" av ditt wannabe-matblogg-innlegg:p Pyttsann! (du mangla dog oppskrift på omeletten, i den grad ein trenge sånt..) Philip er jo ein mesterkokk, den omeletten hadde eg slukt rått!(?)

    SvarSlett
  2. Haha herlig innlegg! Eg liker fleirtalsformen av mat :D

    SvarSlett