søndag 25. april 2010

Sunday morning

Klassisk søndagsfeeling! Våkna først éin gang, så enda ein gang, og tredje gangen eg våkna vurderte eg å stå opp.. For så å ligge og fundere og filosofere, kun avbrutt av den taktfaste og djupe pusten til min kjære ved siden av. Deilig. Kom meg omsider opp. Han ligge framleis i senga. Kanskje ikkje så rart, ettersom han kom heim klokka tre i natt (klink edru altså) etter lan-kveld med gutta. Eg må le! Eg var med på lan sjølv når eg var mindre. Fekk alltid komme inn gratis, fordi eg var jente. Ellers var lan igrunn ganske kjedelige greier. Og farlig, ikkje minst. Har høyrt om ein fyr på TG som var så trøtt at han sovna opp-ned i soveposen sin og blei kvalt. Grøss.

Været er sånn passe nydelig, men eg bryr meg ikkje så masse om det. Denne søndagen er som skapt for å slappe av og gjere så liten nytte som mulig. I går var ein ekstremt effektiv lørdag, og den har eg alle intensjona om å flyte lenge på. Blant anna gjekk eg, Philip, Philipp og Sindre på Ulriken. Eg og Philip løp omtrent fra Reserve og Sindre, men vi er da vel ikkje fjellfolk for ingenting heller! Haha! Og Sindre hadde ikkje spist ein smule på fire dagar, så det var ufatteleg at han kom seg opp i det heile tatt.


















Når vi kom på toppen leika vi Sim City med Bergen by, og det første Philip gjorde var å flytte Brann Stadion til Arna. Og når det var duka for kamp, skulle alle supportere ta toget til Arna, og så skulle Philip under kampen støype igjen tunnelen. Deretter skulle vi slenge ein kabel mellom Ulriken og Løvstakken topp, som vi kunne bruke aktivt til basehopping.














Vi var så heldige å få sitte på ned igjen med kabelvogna gratis, fordi bana eigentleg var stengt. Logikken er vanskelig å spore her, men vi smilte fint og takka for turen. Det vi fekk vite når vi var komt ned var at bana var stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid etter eit lynnedslag. Haha.


















I dag kjem Camilla ein liten tur innom verden. Vi skal ta ein kaffi på hotellet før ho svinsa videre, men det er alltid kjekt med ein liten oppdatering på korleis det går med romarane og det skeive tårnet.























I morra skal eg og Sunniva finne ut noke vi har lurt på lenge: om vi nokonsinne kan få kløft. Det kan nemlig undertøyspesialisten Change på Exhibiton hjelpe oss med. Deretter skal vi heim til meg og mimre over dei siste fem åra i fallskjermsamanheng, drikke rødvin og spise taco.

Og sånn på tampen: eg har farga håret, og det blei kjemperødt. Har fått kallenavnet "candy" dei siste dagane, og håpa det blir litt misfarga etter noken dusj sånn at det passa bedre med "ginger" etterkvart. Eller ka trur du?

4 kommentarer:

  1. Heeeerlig innlegg:) Slike søndagar du snakkar om likar vi! Ellers ler eg av at dåke skal prøve å få kløft, såklart:D
    Savna dåke kjempemasse når eg les at dåke skal ete taco og drikke rødvin!! Dog er eg glad for at eg slepp den fallskjerm-mimringa.. Eg drakk rødvin til taco i går, og det anbefalast: Concannon Petite Sirah. Meget passande vin til taco! Mmm:)

    Håret ditt blei kanskje litt rødt, men no kan du jo nytte sjansen å kle deg i knæsjgrønne ting, slik som Bree i Frustrerte fruer:)

    SvarSlett
  2. Lika innlegget, og tykkjer hårfargen var sprek :)
    Kva Philip spela på lan?

    SvarSlett
  3. Andreas: Takk for det! Philip spela Red Alert og Quake forleden dag, etter det eg har blitt fortalt.

    SvarSlett
  4. Hahaha, skremmande at man kan ....dø på lan! Ellers enig med Siv - berre å finne fram det mest knæsjgrønne du har, nett som på vgs!

    SvarSlett