søndag 19. februar 2012

Bakegalskap

Denne helga har vert knall. Det heile starta med at eg skulle på jobb i går tidlig, ukristelig tidlig faktisk. Gleden var stor då eg ramla inn på kontoret og fekk mange rare blikk og kommentaren "skal du vere her no?". Aldri feil å reise heim frå jobb og legge seg igjen fordi det er for tidlig å egentlig stå opp.
(I ei bisetning kan det nevnast at eg kjørte den nye bilen vår (!) til jobb for første gang, og dermed var tok det også ca 11 minutt å køyre heim igjen.)


Heime var Philip ultraforfjamsa når eg sneik meg tilbake i senga og la meg til å sove igjen. Faktisk trudde han at han hadde sove vekk heile dagen. Ironisk nok var eg så oppspilt over å ha fri at eg ikkje fekk sove. Så eg gjorde like gjerne skulearbeid heile dagen til klokka var blitt halv to. Deretter tok eg meg ein løpetur. Både skulearbeid og løping var ikkje veldig hardt når eg heile tida kunne minne meg sjølv på at eg heva lønn på 256,-/timen heilt til klokka tre!

Kvelden kom og mens Philip satt i transe foran PC-skjermen og googla noke sånt som "living in the Georgian mountains for a month or two while skiing every day" tok eg meg ein dusj og gjorde meg klar for voksenmiddag hos Therese og Håkon. Igjen folkens; tusen milliona takk for digg middag og kjempeselskap. Sjølv om dei gamle  gjekk heim og overlot drækkinga til ølbryggjarlauget urimelig tidlig. Lova å vere litt mindre voksen neste gang!



I dag har eg tråla bloggverden og fått ny inspirasjon - derav nytt design og ikkje minst nytt innlegg. Presset blei ikkje mindre av at Philip drog med seg Daniel, Sandro og Yngre heim fra ein skøytetur på Slåtthaug, og Daniel presterer å kommentere den labre bloggaktiviteten min med nedlatande tone. Etterpå laga han kjempegod kakao, som var ferdig akkurat samtidig som mine rykande ferske heimelaga skillingsboller. Søndagen var komplett. Etterpå stakk alle mannfolka og no sitter eg her og nyter vinterhagen for meg sjølv og tenker at det er fint å vere meg.



Kom på eit sitat som min venn Audun Hetland (ein mann som kan gjere dei tristeste i godt humør) sa for mange år tilbake; "De beste planene er ofte de du må legge fordi de første planene gikk i vasken". 


På tide med te, TV-kveld og wordfeud til augene ramla ut.

6 kommentarer:

  1. Hurra, endelig bloggcomeback! Fortsett sånn, takk! Den søndagen hørtes kjempekoselig ut, skulle gjerne vært med! Men hø - grovbakstemel i skillingsboller? Suksess?

    SvarSlett
  2. Kongedesign! Du er flink å komme med gode comebacks då, det skal du ha :D
    Eg og stusser over grovbakstmjølet, men ser og at du har samme taktikk som meg når det kjem til skillingsbollar, og det er å få flest mulig snurrar i bollane!
    Synest forøvrig det er morsomt at du tydelig har tatt tips frå matbloggere med den photoshopsnekra firkanten med bilder av bakinga! Hihi :)

    SvarSlett
  3. Takk jenter, man skal ikkje kimse av nytt design. Merka allerede at det heva lysten på å oppdatere med nye innlegg! Grovt mjøl i søtbakst var i utgangspunktet ei nødhandling, når eg plutselig gjekk tom for vanlig kveitemjøl midt i bakinga. Men så viste det seg å vere ganske godt, litt sunnere og ein heil del meir mettande med grovt erstatningsmjøl. Bytta ut ca 2-3 dl. Ikkje dumt det der altså :) Oppskrifta eg brukte kjem herfra: http://www.alltidsulten.com/min-strste-hemmelighet-verdens-beste-skillingsboller/

    SvarSlett
  4. Og bildekollasj laga eg på: www.picnik.com :-)Klikk-og-dra.

    SvarSlett
  5. Supert Stinemor!! Jeg òg lurte på grovbakstmelet i skillingsbollene, haha det har du ikke fått med deg hjemmefra ihvertfall:) Ellers grattis til "comeback'et" ditt, hold bloggen ved like heretter!

    SvarSlett
  6. Registrerer at kakoaen til Daniel var så god at alle hadde drukket den opp før du rakk å ta bilde av den!

    SvarSlett