Etter ein suksessrik eksamen denne veka har eg framleis til gode å feire. Når eg torsdag ettermiddag fekk vite at eg hadde fått ein B i tolking, ledsaging og skildring for døvblinde (ja, tenk litt på den, du) holdt eg på å skrubbe toalettet. Deretter gjekk eg på jobb, og feira med ein eplemost.
Dette har totalt sett vert ein kald, brutal, langvarig og utmattande manndomsprøve. Nevnte eg kald? Eg snakka sjølvsagt om vinteren 2009-2010. Men det tar seg opp! Det går mot vår, folkens! Eg måtte faktisk i butikken og kjøpe meg nye støvlar for å vere på den sikre sida, no som snøsmeltinga tar til her i Bergen. Eg er så lykkeleg, takk og lov for REGN og PLUSSGRADER!
Alt regnet får meg til å ha lyst til å skrive lister. No blir det liste over ting eg har billetta til:
- KENT i Greighallen 25. mars
- Tog til Oslo 13.-16. mai (Yngvar og Trond skal gifte seg)
- Russland (07.-21. iolia)
- MUSE på Koengen 23. juli
- MAIDEN på Koengen 11. august
Det er ikkje ofte ein registerer at ein lærer nåke om livet, sånn utenom skulesammenheng. Men denne veka har iallfall lært meg at "aldri klatre dagen derpå". Eg slapp attpåtil og erfare det sjølv, ettersom du og Daniel gjorde jobben. Så takk! :D Bra liste forresten. Du danker ut min billettbeholdning!
SvarSlettLikar at billett-lista fortsatt er med! Eg skrive støtt og stadig slike lister, på den måten kan ein jo lettare sjå kva ein har å glede seg til:D Var jaggu på tide med nytt Stine-innlegg no..! Philip og pusen var kjempefine forresten:)
SvarSlett