onsdag 28. juli 2010

Long time no writing

Å fy flate, no kosa eg meg. Eg har ikkje ord for kor masse eg trives i min supre leilighet, heilt aleine, med radioen på og instant coffee i Førdefestivalkruset mitt.

Dei siste dagane har eg konsentrert meg hardt om å slappe av så masse som mulig. Forleden dag var eg og Philip unnom Fretex der eg skaffa meg fire fine bøker: Parfymen, Berlinerpoplene, Bokhandleren i Kabul og sist men slett ikkje minst.. Mytteriet på Bounty! Dagane går med til å lese bøker, tråle etter gode jobboppdrag (kor er det blitt av alle dei døve no i fellesferien?!) og nyte regnet. Og mimre om tidenes mest energikrevande sommerferie. Her illustrert av Daniel aka D-Dog og Sunniva i vindtunnellen utanfor Moskva. Her flaksa vi rundt i to dagar med totalt to (!) timar i fritt fall under hard coaching. Oh my. 

Noko som til slutt resulterte i at eg og Sunniva kunne gjere dette
Gratis Flåge er herved eit fullverdig lag med kamera på riktig hode. Lene aka Lenin er vår lagkaptein og smånervøse kameradame før NM 10.-14. august, mens eg og Sunniva ser på heile opptøyet som MORO og gleda oss til bankett og fest. 

I Russland fant vi fem bikkjer. Dei var pittesmå og forlatt av både biologiske og menneskelege "foreldre" og overlatt til eit liv som hoppfelthunder med ansvar for seg sjølv. Vi kunne jo ikkje anna enn å elske dei, og døpte dei D-Dog (han feite), P-Momma (veslejenta), Arild/Adolf (den einaste kvite), Noname og Åshild. Akkurat koffor den eine blei heitande Åshild er meg ubekjent. Philip (den menneskelege P-Momma) og P-Momma the doggie fant tonen og det var kjekt å sjå Philip smelte. Ikkje ofte det skjer :-)

Siste hoppedagen hadde Philip reservetrekk. Det utspant seg etter eit hopp ingen hadde trua på, men som gjekk så til dei grader BRA at alle lo i separasjon. Philip lo mest av alle, og hiksta idet skjermen kom ut - først den eine veien, så den andre, og viste seg uverdig å samle på. Eg og Sunniva satte vår stolthet i å få bragt alt utstyret tilbake til den uheldige kjæresten min, og landa like gjerne rett ved fribag og skjerm eit stykke unna. For ein dag! Det resulterte i ein kasse, som grunna temperatur og smakskvalitet vart sett i dusjen med iskaldt vatn over seg. Eg ler fremdeles av det siste hoppet, over ei veke etter. 

2 kommentarer:

  1. Haha, fantastisk innlegg. Går virkelig opp for meg for ein super sommar vi har hatt! Kunne faktisk vanskelig vert bedre. Gler meg til fortsettelsen:D

    og ikkje minst: GRATULERER MED DAGEN!

    (og kjempefint bilde av deg og P-momma fra bryllupet!)

    SvarSlett
  2. Hey, ny header også? NAJS!

    SvarSlett