"Enda ein visning", tenkte eg og Philip på onsdag når vi møttes i Gravdal i fire-tida. Vi har vert på mange av dei i det siste. Av og til har vi måtte jobbe med å bevare fatninga og innsjå at eit nytt bad til 200.000,- kanskje ikkje er ein veldig god idé, sjølv om kjøkkenet var brukbart. Det har gått bra så langt. Men vi har blitt kjempekritiske til standard, beliggenhet, nabolag osv., og det skal alvorlig masse til før ALT er godt nok.
Men denne gangen klaffa det. Etter ein kjapp budrunde rista vi av oss dei andre interesserte i det vi bød 1.750.000,- for denne godbiten:
![]() |
No går eg rundt i lykkerus, og tråla det som fins av bolig- og interiørmagasin samt interiørblogger og ikea-katalog. Pusen ligge på sofaen og mala med stjerner i augene. Ho blei happy når ho skjønte at ho skulle få flytte til ein plass som har ordet "Laks" i seg. (Laksevåg).
Den neste måneden ser uryddig ut. Kontrakter skal signeres, posten skal omdirigeres, ut- og innfytting skal organiseres, ikea-tur må planlegges, strøm- og internettleverandør må bestilles, kjøleskap og oppvaskmaskin må kjøpes (pent brukt hopefully), litt krangling må vel vere plass til, men mest av alt: vi skal begynne å bygge oss ein heim, og eg trur dette blir ein lang og veldig spennande opplevelse!